Opendag i Toftøy barnehage

Det er fjerde år på rad at Toftøy barnehage arrangerer opendag i barnehagen til inntekt for barnas misjonsprosjekt. I år går inntekta til barn i Kina, eit fantastisk prosjekt med mykje kreativitet og glede.

Dagen starta med misjonsløp, der foreldre, besteforeldre og vener hadde sponsa barna pr runde eller eit beløp for heile løpet. Dei minste sprang rundt tuntreet vårt, medan dei store avdelingane sprang rundt heile barnehagen. Ivrige barn sprang medan dei vakse var heiagjeng.

På ettermiddagen åpna me opp barnehagen for foreldre, besteforeldre, slekt og vener. Over 500 mennesker var innom barnehagen denne ettermiddagen.  Då var det loddsalg, tipp vekta på fenalåret, tipp antall snop i godtekrukka og sal av god mat. 

Ein super, duper dag i barnehagen der me fekk inn ca kr 55 000,- til Barnas Misjonsprosjekt.

Me er heldige som kan få lov til å hjelpe andre barn til å få det enda betre, og slik at dei kan få lære meir om Jesus. 

 

Olaug Merete Rong - veiledar i Toftøy barnehage

Save

Save

Save

Save

Save