Julevandring til Vatne kyrkje

For første gong skulle vi «Grevlingane» få vere med på Julevandring, for no er vi nesten 4 år alle saman. Vi starta frå barnehagen når det nesten var mørkt ute og snøen lava ned, tung og våt. Når vi kom opp til kyrkja venta Linda og Arnt Ove på oss. Dei skulle vere i lag med oss på Julevandringa.

Vi samlast oppe alle saman og Linda fortalde kva som skjedde i Betlehem, og ho spurte spørsmål til «Grevlingane», som var flinke å svare. Dette kunne dei!!

Det var spørsmål om kven som ville vere «Dei tre vise menn» og dei fekk på seg fine kle og fekk med seg gåver, som dei skulle ha med seg til Jesus barnet. Alle fekk sjå på gull, røykelse og myrra.

Her samla vi oss rundt bålet, der gjeterane sat og varma seg rundt bålet og passa på sauene.

Vi sang «Eg er så glad kvar julekveld» og gjekk på andre sida av galleriet, der venta Engelen Gabriel på oss. Og han fekk med seg fleire engler. Kvite kapper, girlander på hovudet og lys i handa!

Vi sang «Ære vere Gud, ære vere Gud, ære vere Gud i det høgste» og etterpå gjekk vi ned i kyrkja.

Vi høyrde om Maria og Josef, som ikkje fekk seg ein annan plass å bo enn i stallen. Alle samla seg framme, rundt alterringen og Maria og Josef var inne i lag med Jesusbarnet som var fødd i stallen. Og vi sang «Eit barn er fødd i Betlehem».

Heilt til slutt sang vi frå barnehagen:

Engelen Gabriel kom fra himmelen, kom til Maria i Nasaret.

Maria, Maria du skal bli mor. Et barn skal du bære til Herrens ære.                     

En sønn skal du få i en seng av strå

og han skal forkynne Guds ord.  

Engelen Gabriel kom fra himmelen, kom til Maria i Nasaret.

Maria, Maria du skal bli mor. Et barn skal du bære til Herrens ære.                     

En sønn skal du få i en seng av strå

og han skal forkynne Guds ord.

 

«Barnehagen skal bidra til at at barna får kjennskap til grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, og bli kjende med religionar og livssyn som er representert i barnehagen» (RP.2017)