Norges Vel – medalje for lang og tru teneste

På personalsamling onsdag 28. november, vart Anita Woldsund tildelt Norges Vel si medalje for lang og tru teneste – 30 år ved Tryggheim barnehage, Sykkylven. I tillegg til personalet var utviklingsleiar i NLM-barnehagane, Steinar Nessa, og eigarstyret for Tryggheim barnehage, til stades ved overrekkinga.

Anita Woldsund vart tilsett som pedagogisk leiar i Tryggheim barnehage frå hausten 1988 og veksla mellom å vere styrar og pedagogisk leiar fram til 1994. Ho hadde permisjon frå barnehagen i 1995/96 og var tilsett i barnehage i Herøy og ei stund dagleg leiar ved Kjeldsund leirstad. Etter permisjonstida har Anita vore styrar/dagleg leiar ved Tryggheim barnehage i Sykkylven.

I tillegg til arbeidet ved barnehagen, har Anita vore sterkt engasjert i arbeidet til Norsk Luthersk Misjonssamband i Sykkylven.

Tryggheim barnehage er ein del av NLM-barnehagane AS. På landsbasis er det 35 barnehagar som blir drivne av NLM-barnehagane. 10 av desse barnehagane er på Nordvestlandet. I tillegg er det 8 barnehagar som NLM driver alene eller i samarbeid med andre organisasjoner.

Barnehagen i Sykkylven vart starta opp i 1977 og hadde i fjor stor 40-årsmarkering. Barnehagen har i dag to avdelingar, ei avdeling for barn i alderen 3-6 år og ei i alderen 0-3 år. Barnehagen vart nyleg ombygd og har no kapasitet til tre avdelingar. Ved auke i barnetalet i Sykkylven og avtale med kommunen, er Tryggheim barnehage klar til å utvide til tre avdelingar!
Det er 12 tilsette i Tryggheim, dette utgjer om lag 9 årsverk - inkludert reinhaldar.

Visjonen til NLM-barnehagane er «Ekte glede på sikker grunn».