Pedagogisk leder Tryggheim barnehage, Vestnes

Barnehagen har to avdelingar med 48 plassar for barn i alderen 1- 6 år. Vi søkjer ein ped. leiar som kan ha delar av det pedagogiske ansvaret på avd. med barn i alderen 1- 4 år. Barnehagen ligg fint til i Vestnes kommune midt i Møre og Romsdal med fjord og fjell som nærmaste nabo. Barnehagen drivast med kristent formål, og høyrer inn under NLM- barnehagene AS. Vår visjon er: « Vi set spor det er verd og følgje», og vi ynskjer å være ein barnehage med ein tydeleg kristen profil.

Vi søkjer frå snarast:

Pedagogisk leiar 70 % vikariat barnehageåret 2017/ 2018 ( med moglegheit for å auke mellombels til 90 % så lenge ped. leiar er delvis sjukemeldt ). Stillinga inneberer m.a. fylgjande arbeidsoppgåver:

  • Pedagogisk og administrativt ansvar på avdelinga.
  • Fordele arbeidsoppgåver til personalet og sørgje for at årsplana blir følgt og avdelingas mål blir nådd.
  • Sjå til at NLM si målsetting i fylgje den generelle instruksen ivaretakast og blir sett i verk, og sørgje for at kristne samlingsstundar planleggast og gjennomførast på avdelinga.
  • Planlegging og gjennomføring av avdelingsmøter.
  • Vere ei støtte og rettleiar for det øvrige personalet i det pedagogiske og metodiske arbeidet.
  • Ha kontakt med foreldra og andre instansar.
  • Ha direkte arbeid med barna.

Kvalifikasjonar:

  • Barnehagelærarutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Godt norsk språk, både skriftlig og munnleg.

Vi føresett at den som blir tilsett arbeider lojalt etter NLM sitt formål og verdiar i samsvar med ”Verdidokument – Grunnlagsdokument for ansettelse i Norsk Luthersk Misjonssamband”.

Vi kan m.a. tilby:

  • Lønn, pensjon og andre forsikringar etter PBLs regulativ.
  • Ein arbeidsplass med ein tydeleg kristen forankring og flinke medarbeidarar.


Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato.
For spørsmål eller informasjon kontakt «Tryggheim barnehage, Vestnes» Ved Dagleg leiar Ellen M. Taklo
tryggheim.vestnes@nlmbhg.no, tlf. 71180509/ 95968881


Søknad, CV og referansar sendast:
Tryggheim barnehage, Hagnesvegen 122, 6390 Vestnes

e-post: tryggheim.vestnes@nlmbhg.no,
Søknadsfrist: 10.10.17
Tiltredelse: snarast