Toftøy barnehage

LEDIG STYRARSTILLING i NLM-BARNEHAGE I ØYGARDEN

Sjå meg, høyr meg for eg er unik!


Toftøy barnehage er ein privat barnehage med utvida formålsparagraf som ligg på Toftøy i Øygarden kommune. Barnehagen er eit dotterselskap av NLM-barnehagene som består av totalt 35 barnehagar rundt i landet og 3 dotterselskap.


Visjonen til Toftøy barnehage er «Sjå meg, hør meg for eg er unik!». Me er opptatt av at barna skal verte sett og kjenne seg verdifull og elska for den dei er.


Barnehagen vår har 6 avdelinger med totalt 156 barnehageplasser.


NLM barnehage i Øygarden as er i gang med å bygge enda ein barnehage i Blomvåg, Øygarden kommune. Det vil vera eit tett samarbeid mellom barnehagene våre.


Styrar har hovudansvaret for at heile barnehagen er ein trygg, innhaldsrik og målretta virksomhet. Du skal lede dei ansatte, gje opplæring og kommunisere på ein engasjerande og inspirerande måte. Du skal ha både det pedagogiske og administrative ansvaret og vidareutvikle barnehagen i tråd med lovar og føreskrifter. Styrar skal vera med å byggje ein sterk kultur og vera med å velje dei rette medarbeidarane til å forsterke den kulturen me vil ha. Den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagens kristne verdigrunnlag, vedtekter og instruksar, og arbeide for å fremme barnehagens målsetning og verdiar.


Me ønsker at du som skal vera vår styrar:
Har faglege ambisjonar og hjarte for det du driv med. Du må kunne kommunisere og ha gode formidlingsevner. Du er engasjert og har ein positiv holdning, du liker nye utfordringar og kan jobbe godt under press. Du identifiserer deg med NLM sine verdiar og er strukturer, systematisk og har auge for detaljar. Me treng ein positiv, initiativrik og løysningsorientert ledar.


Kvalifikasjonar: Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar eller førskulelærarar. Styarutdanning er ein fordel. Gode lederegenskaper. Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Søknadsfrist: 04. april 2019

Kontaktopplysninger: Olaug M Rong orong@nlmbhg.no 95493601