Tryggheim Vestnes

Barnehagelærarar ved Tryggheim barnehage, Vestnes Barnehagen har to avdelingar med 48 plassar for barn i alderen 1- 6 år. Barnehagen ligg fint til i Vestnes kommune midt i Møre og Romsdal med fjord og fjell som nærmaste nabo. Barnehagen drivast med kristent formål, og høyrer inn under NLM- barnehagene AS. Vår visjon er: « Vi set spor det er verd og følgje», og vi ynskjer å være ein barnehage med ein tydeleg kristen profil.

Vi søkjer frå aug.2019:

Barnehagelærar - 2 årsverk i fast stilling

Stillingane inneberer m.a. fylgjande arbeidsoppgåver i lag med pedagogisk leiar:

• Pedagogisk og administrativt ansvar på avdelinga.

• Fordele arbeidsoppgåver til personalet og sørgje for at årsplana blir følgt og barnehagen og avdelingas mål blir nådd.

• Vere ei aktiv pådrivar for at Verdiplattforma til barnehagen blir fylgt opp i praksis.

• Planlegging og gjennomføring av avdelingsmøter.

• Vere ei støtte og rettleiar for det øvrige personalet i det pedagogiske og metodiske arbeidet.

• Ha kontakt med foreldra og andre instansar.

• Ha direkte arbeid med barna.

 

Kvalifikasjonar:

• Barnehagelærarutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning.

• Gode samarbeidsevner.

• Språkferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg, som tilfredsstillar krava frå myndigheitene.

Den som blir tilsatt, forpliktar seg til å arbeide etter barnehagens kristne verdigrunnlag, vedtekter og instrukser, og arbeide aktivt for å fremme barnehagens målsetting og verdiar.

Vi kan m.a. tilby:

• Lønn, pensjon og andre forsikringar etter PBLs regulativ.

• Ein arbeidsplass med ein tydeleg kristen forankring og flinke medarbeidarar.


Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato. For spørsmål eller informasjon kontakt «Tryggheim barnehage, Vestnes» Ved Dagleg leiar Ellen M. Taklo, tryggheim.vestnes@nlmbhg.no, tlf. 71180509/ 95968881
Søknad, CV og referansar sendast: Tryggheim barnehage, Hagnesvegen 122, 6390 Vestnes 

e-post: tryggheim.vestnes@nlmbhg.no

Søknadsfrist: 20.03.19