Tryggheim Sykkylven 40 år

Tryggeim Barnehage i Sykkylven vart starta 3 oktober 1977. Det var difor ein stor dag for oss då vi 3. oktober 2017 kunne feire 40-årsjubileum.

Vi inviterte til jubileumsfest på barnehagen for barn, foreldre og andre gjester.

Barnehagebarna hadde sett fram til bursdagsfeiringa med forventning og det heile starta med sang av barna. Vidare var det helsingar og gode ord frå ordførar Odd Jostein Drottninghaug, Mainy Os frå NLM-barnehagene og Lars Birger Stige frå eigarstyret.

Dette var barnas dag og dei kunne gle seg over ansiktsmaling, sukkerspinn og besøk av Klovnen Klumse. Festen vart avrunda med eit sunnmørsk kakebord og god prat rundt borda.

Etter 40 års drift kjenner vi på glede over å framleis kunne drive ein flott barnehage i bygda vår. Vi er takksame til foreldra som kvar dag betrur oss barna sine. Og vi er takksame for arbeidsplassen vår og eit godt kollegafellesskap. Det er stort å få vere med å bidra til at barna kan få bli kjent med Jesus. No ser vi framover og som det står i visjonen vår ynskjer vi å drive ein barnehage der barna får oppleve ekte glede på sikker grunn!

Anita Woldsund