Ny styrer i Løveparken barnehage

Frå 1. august 2018 er Asbjørn Froli Haugstvedt tilsett som ny styrar Løveparken barnehage på Straume på Sotra.

Asbjørn har vakse opp på Vindenes og bur no på Turøy og er såleis godt kjent i kommunen. Han har god utdanning og erfaring i arbeid blant barn og som barnehagestyrar. No gleder han seg til å få arbeida i ein barnehage med klar kristen profil. Vi er takksam for at han vil gå inn i oppgåva.

Asbjørn tek over etter Bjørg Ålen Krogsæter som har vore styrar frå barnehagen starta. Etter permisjon på grunn av helseproblem har ho no sagt opp stillinga. Vi takkar Bjørg for det arbeidet ho har lagt ned for å bygga opp barnehagen til det den er i dag.

I Bjørg si permisjonstid har Eirin Walde Berger vikariert for styrar. Ho har gjort eit godt arbeid i barnehagen. Vi takkar Eirin som gjekk inn og tok denne utfordringa.

Å drive kristen barnehage er ei stor og god oppgåve som vi er glad for å få stå i. Gjennom eit godt personale får vi vere med å gje barna ein god start i livet og får gje dei kunnskap om bibelen og Jesus. Ver med i bøn for barnehagearbeidet.

 

Oddvar Risøy, leiar i eigarstyret